torsdag, september 22, 2005

...just doing their job...


...just doing their job...
Originally uploaded by Erlend.
Dagens bilete er frå Dagbladet . Eg veit eigentleg ikkje heilt kvifor... Visste det tidlegare i dag. Det gjorde heilt klart inntrykk. JO! Eg var ute og flaug i går. No for tida er eg ute og flyr ganske ofte til Oslo for å jobbe. Det er ikkje så ofte no for tida, men tidligare hugsar eg att eg kunne vere engstelig for att flyget skulle gå i bakken eller att noko anna skulle hende. Eg lurar på om eg hadde hatt samme ro som desse pilotane tydeligvis hadde i det dei nærma seg bakken. Ganske vanskelig å seie. Ein gjer jo berre jobben sin. Av og til kan det gå opp for ein kva jobben faktisk betyr etter att ein er ferdig. Ein funderar på kva det var som eigentleg dreiv ein til å gjere som ein gjorde. I retrospekt var det ganske bra gjort. Veldig bra gjort.... Kanskje til og med heroisk...



Vel, vel, no skal ein ikkje tru att eg gjer så mykje som er heroisk på jobben, men tanken på kva desse pilotane fekk til i det bilete er tatt fekk meg iaf til å tenke. Eit bra snapshot!

Inga kommentarer: