söndag, april 24, 2005

ADSL og livet generelt...

Yes... Då var det søndag igjen og eg har fått tatt den vanlige mysinga på stan.
I går hadde vi ein ganske så vellykka tur på byn etter ein coctailfest hos Jan (http://public.fotki.com/cpau/2005_03_20_serre/37_jan_backen.html). Sånt får ein til å bli litt seig på søndagen, men gjennom att vi sov lenge og gjekk rett på Mossebacke sin brunch (http://www.mosebacke.se/new2001/om.html) kom vi i fart igjen. Iallefall nok fart til at eg fekk handla ei ytterjakke. For dei uinvidde så hadde vi innbrudd i kjellaren i begynnelsen av februar der vi fekk stjelt dei fleste ytterkler. Og no har vi fått igjen pengar frå forsikringsselskapet. Pengar som det tar tid å bli av med ettersom vi hadde verdiar for ca 45 000. Kjedelig, men samtidig får vi fornya heile garderoben... Jakka er eg enig med meg sjølv om att var eit godt kjøp.
 
Vel nok om det. Ellers ventar eg på at vi skal få ADSL her i leiligheten. Eg har no klart meg med eit modem i over eit år, men ein kan ikkje jobbe for Telenor og samtidig ha 56 k modem heime. Då gjeldt det berre å velje riktig leverandør av sin ADSL Aksess slik at eg veit at pengene kjem oss sjølv til gode. Forhåpentligvis gjer det att eg blir meir aktiv på nettet og kanskje også denne sida.
 
Kva skjer elles? Vel, våren er  på veg til og med her i Stockholm. Eg har vært ute med mine Rollerblades og har langsiktige planar om å begynne å bruke dei for å komme meg til jobben. Det er 4-5 kilometer kvar veg, ein utfordring eg tok forrige sommar og sikkert kjem til å ta denne også. Det er berre å vente på att gatene blir kosta. Neste veke skal eg til Island med Erling, Håvard og Odd Sverre. Forhåpentligvis blir det varme kjelder, sightseeing, jeepkjøring og ein sjekk av det viden kjente utelivet som Reykjavik har å by på.

Bilder frå påske er endelig på nettet!


IMG_0351
Originally uploaded by Erlend.
Då har eg fått lagt ut alle bildene frå min og Nanna sin påsketur rundt i Sverige på nettet. Med kommentarer og alt. Slå deko laus!