Då er eg komen heim igjen til Vestlandet for nokre dagar.
På laurdag var eg bjuden på familiefest i Masfjorden (http://www.masfjorden.kommune.no/). Der kom eg, Snorre og Reidar (mine brødre)direkte frå flyplassen etter å ha henta meg. Programmet besto av fotballkamp, bading, Grilling, Spel og dans. På søndag vart det vannskikjøring i sjølve Masfjorden og etter det brukte eg tida sammen med Jon og Hege Kristin heime i deira hytte. Riktig bra!
Bilder kjem så snart eg har fått dei av alle involverte.
Etter ei heilt grei helg i Masfjorden er veret tilbake til sitt vanlege og resultatet blir innesitting. Det er vel litt typisk etter å ha hatt to veker med heilt fantastisk fint ver i Stockholm. To veker med sol og 25-30 grader mens eg har sitte inne og jobba. Det viktigste er likevel berre att eg har fri.
:D
----------------------
Erlend
http://www.erlendna.blogspot.com